Utan tittel

Av Per Gunnar Thelander

Om kunstverket

Per Gunnar Thelander (f. 1936) er ein svensk kunstnar. Han er utdanna ved Konstfack og Kungliga Konsthögskolan og uttrykkjer seg gjennom ulike teknikkar. Thelander er likevel spesielt kjend som grafikar. Han er representert ved dei fleste større musea i Sverige og i fleire internasjonale samlingar.
Motiva til Thelander er særeigne, og dette biletet er typisk for kunstnaren. Han låner gjerne motiv frå klassisk kunst og gjer dei om til sine eigne. Thelander plasserer ofte irrelevante gjenstandar i bileta sine, som nøtter, esker og skruar på pingvinar, strutsar eller froskar. Eller han fabulerer som her, kor fyrstikker og to poteter dannar ein slags hest med ein mann oppå, og kor ei hand kjem inn frå venstre i biletfeltet.

Relaterte artikler