Illustrasjon III

Av Svein Magnus Håvarstein (1980)

Om kunstverket

Svein Magnus Håvarsteins dramatiske bilete skildrar ein mann som står med børsa heva til skot mot ein angripande bjørn. Dei møtest på ei smal fjellhylle, utan høve til å sleppe unna. Utfallet vert fatalt enten for mann eller bjørn - eller begge. Tittelen "Illustrasjon III" tydar på at motivet er laga til ein tekst. Det går ikkje fram kva tekst dette i så fall er.

Landskapsmotiva dominerer elles den grafiske produksjonen til Håvarstein. Motiva er ofte hav, hei, øyer og fjell. Der kor menneske og dyr er med, verkar desse små, einsame og forlatte i forhold til landskapet og naturen dei er i, men likevel med ei naturleg tilhørigheit til omgjevanadene. Atmosfæra, stemninga og karakteren i naturen, sjølve naturmystikken er viktigare å få fram enn rein attgiving av motivet. Dette kjem til uttrykk i kontrastane mellom det idylliske og det monumentale, det lysfylte og det mørkstemte, ofte med eit romantisk drag og eit eigenarta lys.

Svein Magnus Håvarstein (1942-2013 , Rennesøy) debuterte som bilethoggar og grafikar i andre halvdel av 1960-åra og arbeidde parallelt med skulptur og grafikk. Dei tidlegaste skulpturarba viser påverknad frå akademitida hos Per Palle Storm, mens eldre mestrar som Dürer, Rembrandt og Lars Hertervig syns å ha gitt inspirasjon og impulsar til dei grafiske arbeida. Kunstnerens nære kontakt med naturen var avgjerande for skaperevne og verksemd, og var ein av grunnane til at han straks etter avslutta utdanning vendte tilbake til Rennesøy. Her budde og arbeida sidan som biletkunstnar i nær tilknytning til motiv og modellar. Håvarstein arbeidde helie tida innan eit naturalistisk og figurativt formspråk med visse tendensar i surrealistisk retning. Ut over i 1970-årea vart formspråket friare og meir forenkla. Arbeida vart meir personlege i si uttrykkskraft, både i form, innhald, val av motiv og utnytting av egenskaper og muligheiter ulike materialar og teknikkar. (Kjelde: Wathne, Berit: Svein Håvarstein i Norsk kunstnerleksikon på snl.no. Hentet 8. januar 2021 fra https://nkl.snl.no/Svein_H%C3%A5varstein)

Svein Magnus Håvarstein

Les mer...

Relaterte artikler