Kyst I

Av Stanley Stornes (1978)

Om kunstverket

Trykket til Stanley Stornes viser eit flatt landskap med steinmurar, hus og hav i det fjerne. Motivet er truleg frå Jæren. Uttrykket er typisk for den eldre produksjonen til kunstnaren. Dei seinare bileta er meir abstraherte, ofte i ein klarare palett med blått som føretrukne farge.

Stanley Stornes (f. 1939 - ) er ein grafisk biletkunstnar, basert i Sandnes. Han starta kunstutdanninga si ved Stavanger Reklameskole og gjekk sidan på Statens håndverks- og kunstindustriskole og Statens kunstakademi. Stornes debuterte i Kunstnerforbundet, Oslo, 1967, og har sidan hatt mange separat og kollektivutstillingar.

  • Kunstner:
  • Tittel: Kyst I
  • Kategori: Billedkunst
  • År 1978
  • Stil: Figurativ
  • Materiale / medie: Glass Papir Papp
  • Beskrivelse teknikk/medie Etsing på papir Passepartout Grafikk
  • Opplag 18 / 50
  • Størrelse B: 50cm H: 35cm
  • Sted Bryneheimen
  • Plassering Bryneheimen, andre etasje, nordfløy
  • Tilgjengelighet
    • Tilgjengelig etter avtale

Stanley Stornes

Les mer...

Relaterte artikler