Om kunstverket
Dag Hols litografi viser ein alvorleg mann i klede frå 1000-talet. Tittelen er "Arnlijot Gelline". Under motivet står: "Svensk landeveisrøver av god ætt. Ble døpt på Stiklestad " Biletet er ikkje datert. Arnljot Gelline er ein svensk, legendarisk figur frå vikingtida, kjend frå Snorres Olav den helilages saga og frå ein episk diktsyklus av Bjørnstjerne Bjørnson, utgitt i 1870. Etter at han let seg døypa slutta han seg til kong Olavs hær, for så å døy i slaget på Stiklestad.
Dag Hol (1951, Hamburg) er ein norsk, figurativ malar og grafikar, kjend for landskapsmotive frå ulike område i Noreg. Han er utdanna ved Statens kunstakademi frå 1980 til 1984 og har vært elev av Gunnar Dietrichson og Odd Nerdrum. Før han begynte på Statens Kunstakademi, studerte han nordisk, fransk og tysk språk og litteratur ved Universitetet i Oslo. Han debuterte som kunstnar med separatutstilling i 1983. Hols arbeid er påverka av eldre malarkunst, frå renessansen til romantikken.