• Se alle
  • Billedkunst
  • Skulptur
  • Arkitektur
  • Natur
  • Annet
  • Kulturminner

Le littoral

Av Marie Josè Horverak

Om kunstverket

Le littoral (av fransk: kysten) av Marie-José Horverak framstiller ein liten landsby ved kysten, kanskje i Frankrike eller øya Martinique, der kunstnaren kjem frå? Små, kvite hus ligg spreidd langs åssida og i den ultramarinblå vika ligg eit par båtar ankra opp.

Kunstnaren er født på Martinique, men vaks opp i Paris (busett i Noreg sidan 1970). Ho er utdanna ved Academie Populaire d'Arts Plastiques og Ecole Nationale Superieure des Beaux-Arts i Paris, Ecole Superieure des Beaux-Arts d'Alger i Algerie og ved Ecole des Beaux-Arts i Caen i Normandie.

Kunstnaren har hatt en rekkje separatutstillingar i Noreg. Mellom anna i Landsforeningen Norske Malere i Oslo, Galleri Varden i Moss. Galleri Unique på Eidsvoll og i Galleri Nordstrand i Oslo. Horverak har òg deltatt på fleire kollektivutstillingar, mellom anna på Galleri F15 i Moss og Hå Gamle Prestegard. Hun har hatt fleire utsmykningsoppdrag for cruiseskip.

Relaterte artikler