Om kunstverket
Med enkle, mjuke strøk og former former har kunstnaren Ellen Kalvig framstilt eit abstrahert landskap kor blåtonar dominerer. i midten er eit gulgrønt felt med ujamne, grøne striper på tvers. Under dette feltet er ein båtliknande, lys blå form med små kvadratiske felt over. Øverst i biletet er uregelmessige striper i blått, grønt, gult og orange. Dei kan minna om ein abstrahert regnboge eller ein solnedgang. Biletet er ikkje datert.
Ellen Kalvig er fødd i 1958. Ho bur og arbeider i eige atelier i Suldal, tett på vakker og storslått natur. Sjølv seier ho at ho er inspirert av naturen og landskapet ho har rundt seg. Inntrykka bearbeider ho malerisk og grafisk ved bruk av kontrastar, lys, symbolikk og assosiasjonar. Om bileta hennar framstiller berre eit landskap eller om det er ein metafor for noko anna, let ho vera opp til den som ser. Kalvig stilt ut jamnleg sidan 1986 i inn - og utland. Debututstillinga var i Sandnes kunstforening i 1987. Ho er medlem i NBK.