• Se alle
  • Billedkunst
  • Skulptur
  • Arkitektur
  • Natur
  • Annet
  • Kulturminner

Utan tittel

Av Jens Tvedt

Om kunstverket

Motivet i måleriet til Jens Tvedt er eit skogsinteriør med fjell i bakgrunnen, kor ein tjukk stamme ligg som ei bru over elva . Biletet er ikkje datert.

Jens Tvedt (1901-1988) var likningssekretær og seinare likningssjef i Tysnes kommune. Frå han var ung viste han seg som ein dugande kunstmålar, og har også skrive ei rekkje dikt og viser. Gjennom fleire tiår vart han ein av dei mest folkekjære kunstnarane i Sunnhordland.
Tvedt dreiv som målar på fritida og teikna også mykje. I ungdomstida byrja han med akvarell og oljemåling. Seinare vart det mest oljemåleri, frå 1930-talet til han gav seg kring 1980.

Då Jens Tvedt døydde i 1988 hadde han bestillingar på mellom femti og hundre bilete. Det vert sagt at det knapt finst ein heim på Tysnes utan eit måleri av han på veggen. Bileta hans er såleis å finna i svært mange heimar i Sunnhordland og er spreidde over heile Noreg, men han selde også mange målarstykke til folk i USA og Canada forutan Sør-Afrika, Australia og eit par i Søraust-Asia - mest til utvandra nordmenn.

I 2002 vart det, litt forseinka, gjeve ut eit hefte til 100 års-markeringa for fødselen hans. Her er fleire av dikta og visene samla. I 2009 vart det laga ein kabaret kalla "Linjer i livsens bok" der fleire av songane og tekstane hans vart framført, med melodiar laga av sonen Kolbjørn Tvedt. (Kjelde: https://lokalhistoriewiki.no/Jens_Tvedt_(kunstmaler))

Relaterte artikler