Kongen Olav Haraldsson

Av Dag Hol

Om kunstverket

Dag Hols litografi viser ein alvorleg og streng konge med kors i ei lenke på bystet. Tittelen er "Kongen Olav Haraldsson". Biletet er ikkje datert.
Olav II (Haraldsson) den heilage var òg kjend som Olav Digre og Sankt Olav. Olav var Noregs konge frå 1015 til 1028 og vart drepen 29. juli ca. 1030 under slaget på på Stiklestad. Han vart gravlagt i Nidaros. og erklært helgen av biskop Grimkjell 3. august ca. 1031. Det mumifiserte liket av Olav Haraldsson vart oppbevart i St. Olavs skrin i Nidarosdomen frå kring 1090. Dette vart ein viktig nordisk valfartsstad fram til reformasjonen i 1537. Hovuddelen av skjelettet ligg truleg ein stad under kyrkjegolvet i Nidarosdomen.

Dag Hol (1951, Hamburg) er ein norsk, figurativ malar og grafikar, kjend for landskapsmotive frå ulike område i Noreg. Han er utdanna ved Statens kunstakademi frå 1980 til 1984 og har vært elev av Gunnar Dietrichson og Odd Nerdrum. Før han begynte på Statens Kunstakademi, studerte han nordisk, fransk og tysk språk og litteratur ved Universitetet i Oslo. Han debuterte som kunstnar med separatutstilling i 1983. Hols arbeid er påverka av eldre malarkunst, frå renessansen til romantikken.

Relaterte artikler