• Se alle
  • Billedkunst
  • Skulptur
  • Arkitektur
  • Natur
  • Annet
  • Kulturminner

Utan tittel

Av Vilhelm Tveteraas (1960)

Om kunstverket

Motivet i tresnittet er to menn som hentar ut hestar frå stallen. Det kan sjå ut som om dei vil spenne den eine hesten foran ei lita vogn. Biletet er typisk for kunstnaren, som ofte brukte hesten som meiningsberande motiv i kunsten sin.

Vilhelm Tveteraas (Stavanger 1898 - 1972). Tveteraas debuterte som malar og teiknar, men det er fargetresnitta, med skildringar av norsk folkeliv og natur som har gitt han eit namn i norsk kunsthistorie. Tveteraas er ein av dei viktigaste av fargetresnittkunstnarane i etterkrigstida.

Tveteraas var opptatt av folkekunsten, spesielt fargeskalaen i maleri, vevkunst og ornamentikk. I 1920-åra vart han dessutan fascinert av Nikolai Astrups motiv frå Jølster. Ei lita gruppe norske malarar tok i 1930-40-åra opp fargetresnittet som uttrykksmiddel, og saman med mellom andre Henrik Finne starta Tveteraas rundt 1940 å arbeida med fargetresnitt. Han henta fram motiv frå folkekunsten og Astrups verd, men gav motiva sitt eige, personlige uttrykk.
Tveteraas arbeidde med ein enkel trykkmetode, kor han sjølv trykte kvart blad for hand, utan presse, noko som gjer fargen ein spesiell karakter og kvart grafiske blad unikt. Han trykte óg små opplagstall.
Sjølv om Tveteraas hadde korte studiereiser til Tyskland, Paris og Italia, forblei motiva utprega norske. Folkeliv og natur er skildra så dekorativt forenkla og direkte at kvardagssituasjonane får eit symbolsk innhald.
Vilhelm Tveteraas arbeidde med biletkunsten i ferie og fritid, men vart likevel ein av dei store kunstnarane innan norsk grafikkhistorie. Han deltok i ei rekkje utstillingar i Noreg og i utlandet og er representert i større norske og skandinaviske samlingar, i tillegg til Victoria og Albert-museet i London, Bibliotheque Nationale i Paris, Kupferstich-Kabinett i Berlin, samt Museum of Modern Art i New York. (Kjelde: Alfsen, Glenny: Vilhelm Tveteraas i Norsk biografisk leksikon på snl.no. Hentet 14. desember 2020 fra https://nbl.snl.no/Vilhelm_Tveteraas)

Relaterte artikler