Landskap med stokk

Av Patrick Huse

Om kunstverket

Motivet i dette biletet av kunstnaren Patrick Huse viser eit mørkt, måneliknande landskap, under ein blygrå, tung himmel. I føregrunnen ligg ein stokk. Det er eit symbollada bilete, kor det ser ut som om tyngdekrafta er delvis oppheva og steinar svever over bakken. Motivet er typisk for kunstnaren.

Victor Patrick Huse (f. 1948) er ein norsk teiknar. I eit figurativt, sterkt symbollada biletspråk søkjer han å avdekka underbevisste opplevingar og gje uttrykk for sjelelege tilstandar. Frå slutten av 1970-åra har han arbeidd meir med litografi, og i dei seinare åra er det som grafiker han har gjort seg mest gjeldande. Ein del av den grafiske produksjon ligg tematisk nær dei tidlege akvarell/blyant-arbeida. Fleire av landskapa, eit motiv som etter kvart er kome til å oppta han sterkt, har eit draumeakteg, visjonært preg. (Kjelde: Sørensen, Bodil: Victor Patrick Huse i Norsk kunstnerleksikon på snl.no. Hentet 15. januar 2021 fra https://nkl.snl.no/Victor_Patrick_Huse)

Patrick Huse

Les mer...

Relaterte artikler