Om kunstverket
Dag Hols litografi viser ei ung, naken kvinne som held eit stykke klede opp foran seg. Tittelen er "Trellkvinne" og motivet kan spela på den sårbare situasjonen ei slik kvinne ville innehatt. Biletet er ikkje datert.
Dag Hol (1951, Hamburg) er ein norsk, figurativ malar og grafikar, kjend for landskapsmotive frå ulike område i Noreg. Han er utdanna ved Statens kunstakademi frå 1980 til 1984 og har vært elev av Gunnar Dietrichson og Odd Nerdrum. Før han begynte på Statens Kunstakademi, studerte han nordisk, fransk og tysk språk og litteratur ved Universitetet i Oslo. Han debuterte som kunstnar med separatutstilling i 1983. Hols arbeid er påverka av eldre malarkunst, frå renessansen til romantikken.