Utan tittel

Av Svein Magnus Håvarstein (1971)

Om kunstverket

Landskapsmotiva dominerer i den grafiske produksjonen til Svein Magnus Håvarstein, der han skildrar hav, hei, øyer og fjell. Der kor menneske og dyr er med, verkar desse små, einsame og forlatte i forhold til landskapet og naturen dei er i, men likevel med ei naturleg tilhørigheit til omgjevanadene. Atmosfæra, stemninga og karakteren i naturen, sjølve naturmystikken er viktigare å få fram enn rein attgiving av motivet. Dette kjem til uttrykk i kontrastane mellom det idylliske og det monumentale, det lysfylte og det mørkstemte, ofte med eit romantisk drag og eit eigenarta lys.

Bak på biletet står: "Grafisk blad 1971. Svein Magnus Håvarstein laget dette tresnittet etter bestilling av Rogaland Fylkes kulturutvalg. Det er en gave til denne skole." Det går ikkje fram kva motiv og skule det dreiar seg om, men Håvarstein hadde eit utsmykkingsoppdrag for fylkeskulturutvalg med 150 grafiske blad dette året.

Svein Magnus Håvarstein (1942-2013 , Rennesøy) debuterte som bilethoggar og grafikar i andre halvdel av 1960-åra og arbeidde parallelt med skulptur og grafikk. Dei tidlegaste skulpturarba viser påverknad frå akademitida hos Per Palle Storm, mens eldre mestrar som Dürer, Rembrandt og Lars Hertervig syns å ha gitt inspirasjon og impulsar til dei grafiske arbeida. Kunstnerens nære kontakt med naturen var avgjerande for skaperevne og verksemd, og var ein av grunnane til at han straks etter avslutta utdanning vendte tilbake til Rennesøy. Her budde og arbeida sidan som biletkunstnar i nær tilknytning til motiv og modellar. Håvarstein arbeidde helie tida innan eit naturalistisk og figurativt formspråk med visse tendensar i surrealistisk retning. Ut over i 1970-årea vart formspråket friare og meir forenkla. Arbeida vart meir personlege i si uttrykkskraft, både i form, innhald, val av motiv og utnytting av egenskaper og muligheiter ulike materialar og teknikkar. (Kjelde: Wathne, Berit: Svein Håvarstein i Norsk kunstnerleksikon på snl.no. Hentet 8. januar 2021 fra https://nkl.snl.no/Svein_H%C3%A5varstein)

Relaterte artikler