Torvkøyring på Jæren

Av Odd Dubland (2012)

Om kunstverket

Dublands bilete viser ei scene frå gamle dagar; torvkøyring på Jæren. Ein mann fører hest og fullasta kjerre, ei jente sit oppå lasset. Mannen er ein av fleire som har henta torv denne dagen. Motivet er henta frå ein stille sommar- eller haustdag, på veg heim til gardane i horisonten. maleriet er gitt i gåve til Time kommune frå kunstnaren i 2012.

Odd Dubland født 1938 i Varhaug på Jæren. Han har hatt interesse for kunst frå barnsbein av. Dubland er autodidakt innan kunst, men har gått til rådgjeving hjå grafikaren og kunstmalaren Jørgen Dukan i Oslo. Dubland er naturalist som marine og landskapsmalar. Han finn mange av sine motiv frå hav, kyst og hei,- ofte med ein liten solglytt.
(Kjelde: Jæren kunstgalleri)

Relaterte artikler