Ville vekster

Av Stanislav Dombrovszky (1985)

Om kunstverket

Stanislav Dombrovszkys trykk viser eit landskap med strå, busker og trær. I bakgrunnen skimtar vi noko som kan vera åsar eller fjell. Litografiet er teikna i kraftige strøk med orange, grønt og raudbrunt som dominerande fargar.

Stanislav Dombrovszky (født i Ungarn 1928, død i Stavanger 2004). Utdanna ved École de Beaux-Arts, Paris under Pierre Henri, Ducos de la Haille og Marcel Gimond 1947-51 hospitant på Académie Julian. Norsk statsborgar siden 1974 og hadde statens garantiinntekter siden 1979. Dombrovszkys kunst er prega av hans franske utdanningsbakgrunn og av inntrykk frå dei mange landa han har vitja. Karakteristisk for maleria er breie, pastose penselstrøk og sterke, reine, ofte metta fargar. Arbeida har ei ekspressiv uttrykkskraft, og fargen er ofte kjensle- eller stemningsbærande. Motivkrinsen er landskap, figurkomposisjonar og komposisjonar av reint dekorativ art. Dei ekspressive landskapsvisjonane, av meir eller mindre sterkt abstrahert karakter, er frodige fargefantasiar. Spontaniteten og uttrykkskrafta i fleire av arbeida hans ligg nær Cobra-gruppas uttrykksform. (Kjelde: Tone Skedsmo, Norsk kunstnerleksikon, 3. juli 2013)

Stanislav Dombrovszky

Les mer...

Relaterte artikler