Bryne-songen

Av Herborg Kverneland (1987)

Om kunstverket

I dette kaligrafiarbeidet har Herborg Kverneland formgitt Bryne-songen av Torvald Tu. Øverst har ho teikna inn ei vipe, fuggelen Time har i sitt kommunevåpen. Mellom strofene er det teikna andre Bryne-motiv; svarte svaner i sivet i Mølledammen, Time- og Bryne kyrke og Veslemøy. nederst er eit motiv frå Høgjæren. Arbeidet er typisk for Kvernelands fine kalligrafi-produksjon og laga som ei gåve til organisasjonen Bryne Inner Wheel, februar 1987.

Herborg Kverneland er ein kjend kalligrafi-kunstnar, busett på Kvernaland. Kunstnaren har utforma ei rekkje plakater og prisar, mellom anna for Time kommune. Ho har deltatt i fleire gruppe og separatutstillingar, og er kanskje mest kjend for Haugtussa-teppene. "Haugtussa" var eit samarbeidsprosjekt mellom kunstnarane Herborg Kverneland og Herborg Larsen, der Larsen har vevd motiva ut frå Kvernelands maleri og vevkartongar. Samarbeidet starta i 1997 og vart ferdig til Garborg-jubileet i 2001.

Herborg Kverneland

Les mer...

Relaterte artikler