Utan tittel

Av Reidar Berge

Om kunstverket

Dette maleriet av Reidar Berge viser bål på svaberg ved sjøen ein sommarkveld, kanskje under St. Hans. Flammane i bålet møter dagens siste solstråler over eit hav, farga raudt, gyllent og orange. Utpå sjøen ligg eit par robåtar med folk i. Biletet er gitt i gåve frå kunstnaren Herborg Kverneland i 1991, som ei takk til Bryneheimen. Biletet er ikkje datert.

Reidar Berge vart født i Stavanger 11. desember 1922. Han utdanna seg først ved Stavanger Tekniske Skole 1938-41 og Stavanger Tegneskole 1941, og var samstundes elev av malaren Toralf Gjesdal. Mot slutten av 1940-åra var han i fleire år elev av billedhoggaren Magnus Vigrestad. Berge studerte òg ved Statens kunstakademi under professor Reidar Aulie i åra 1961-64. Kunstnaren er kjend for sine mange utsmykningar, mellom anna på Sauda sjukehus, i Stavanger Politikammer, Stavanger Aftenblad, Phillips Petroleum Company Norway og Sola Kulturhus. Han viste arbeida sine på ei rekkje separat og kollektivutstillingar, fortrinnsvis i regionen. Kunstnaren er representert i eit eige museum i Stavanger; Reidar Berge Museet.

  • Kunstner:
  • Tittel: Utan tittel
  • Kategori: Billedkunst
  • Stil: Impresjonisme
  • Materiale / medie: Ramme
  • Teknikk: Maleri Olje
  • Beskrivelse teknikk/medie Oljemaleri på lerret Blindramme
  • Størrelse B: 139cm H: 98cm
  • Sted Bryneheimen
  • Plassering Bryneheimen, første etasje stove vest
  • Tilgjengelighet
    • Tilgjengelig etter avtale

Reidar Berge

Les mer...

Relaterte artikler