Om kunstverket
Litografiet "Nuit à Angkor Wat" viser dansarar i ruinbyen Angkor i nordre Kambodsja, rett nord for Tonlé Sap-sjøen eit stykkje utanfor Siem Reap. Byen var sentrum i eit rike med same namn frå 800 til 1400-tallet (Khmerriket).
Bernard Cathelin (1919 - 2004) var ein fransk malar født i Paris. Han var medlem av School of Paris, kjend for kunstnarar som Picasso, Chagall, Matisse, Dufy og fleire andre, inkludert Maurice Brianchon, Cathelins lærar ved Ecole Nationale Supérieure des Arts Décoratifs. Sjølv om han fekk gode kritikkar alt i 1950, vart ikkje Cathelin i stand til å leva berre som kunstnar før i 1955. Sidan den gong har Cathelin fått stadig aukande anerkjenning. Kunsten hans er vist i over 50 utstillingar over heile verda.
Cathelin er kjend som kolorist og uttrykte seg innan oljemaleri og litografi. Motivet var ofte stilleben, landskap og portrett av kvinner. Land som Mexico, Russland, Japan, Italia og Spania var kjelde til inspirasjon for verka hans og altså også Kambodsja, som vi ser i dette biletet. Cathelin fekk tildelt Legion of Honor av den franske presidenten François Mitterrand i 1995. Musée de Valence tileigna ei retrospektiv utstilling til kunstnarskapen hans sommaren 1997. Utstillinga sette besøksrekord for museet. I 2000 organiserte Shanghai kunstmuseum i Kina ei retrospektiv utstilling som presenterte 40 år av Bernard Cathelins verk.