Himmel og hav II

Av Ellen Kalvig

Om kunstverket

Med enkle, mjuke strøk og former former har kunstnaren Ellen Kalvig framstilt eit landskap der himmel møter hav. Skyene speglar seg i den stille vassflata og skiljet mellom kva som er over og under horisonten vert mest oppheva. Motivet kan tolkast konkret, som ein kveldsstemning. Biletet kan også sjåast i overført tyding kor dei to flyktige elementa vatn og luft har ulik symbolsk verdi og skyene er eit mellomting eller ein fusjon av desse. Biletet er ikkje datert. Ellen Kalvig er fødd i 1958. Ho bur og arbeider i eige atelier i Suldal, tett på vakker og storslått natur. Sjølv seier ho at ho er inspirert av naturen og landskapet ho har rundt seg. Inntrykka bearbeider ho malerisk og grafisk ved bruk av kontrastar, lys, symbolikk og assosiasjonar. Om bileta hennar framstiller berre eit landskap eller om det er ein metafor for noko anna, let ho vera opp til den som ser. Kalvig stilt ut jamnleg sidan 1986 i inn - og utland. Debututstillinga var i Sandnes kunstforening i 1987. Ho er medlem i NBK.

Ellen Kalvig

Les mer...

Relaterte artikler