Om kunstverket
Med mjuke strøk og enkle former former har kunstnaren Ellen Kalvig framstilt eit landskap kor gyllen himmel møter blått hav. Sentrert i i biletet ligg ei øy. Motivet kan tolkast konkret, som ei rein naturskildring. Det kan også sjåast i overført tyding der dei to flyktige elementa vatn og luft har ulik symbolsk verdi, mens øya framstår som eit fast punkt å samla tankane om. Eit svart rammefelt forsterkar kjensla av øya som sentralt motiv. Biletet er ikkje datert. Ellen Kalvig er født i 1958. Ho bur og arbeider i eige atelier i Suldal, tett på vakker og storslått natur. Sjølv seier ho at ho er inspirert av naturen og landskapet ho har rundt seg. Inntrykka bearbeider ho malerisk og grafisk ved bruk av kontrastar, lys, symbolikk og assosiasjonar. Om bileta hennar framstiller berre eit landskap eller om det er ein metafor for noko anna,- let ho vera opp til den som ser. Kalvig stilt ut jamnleg sidan 1986 i inn - og utland. Debututstillinga var i Sandnes kunstforening i 1987. Ho er medlem i NBK.