Om å velja den rette

Av Bjørg Marit Bjørnevik (2006)

Om kunstverket

Arbeidet av Bjørg Marit Bjørnevik er halde i lyse, lette fargar; turkis, kvitt, lilla og gult. Til høgre ser vi ei kvinne i ein gyngestol. Kvinna har blomar i håret og rosa sko, og held ein kvit sko i handa. Ved føtene ligg fleire par sko og to høner trippar lett. Til venstre er kjem ein mann syklande. Sykkelen har ei korg framme, med to ungar oppi. Dei har konge- eller prinsessekroner på hovudet. In bil, seglbåtar, eit badekar, ein paradis, barnevogner, blomar med meir svever rundt i biletflata.

Kunstnaren Bjørg Marit Bjørnevik (f. 1945) er busett i Time. Ho er utdanna ved tekstillinja ved Bergen Kunsthandverksskule og har utført ei rekkje utsmykkingar, mellom anna i Gausel kyrkje og Bryne Kunst i skulen (1979). I 1990 mottok ho statleg garantiløn for kunstnarar.

Relaterte artikler