Om kunstverket
Børge Kalvig har fotografert stova i eit eldre hus, truleg på Jæren eller i Ryfylke. Veggane er i tømmer og gyngestolen står klar, med mjukt eit heklateppe. Avisa som ligg oppslått på bordet, og blomane i vinduskarmen, vitnar om at det ennå bur folk i huset, sjølv om veggklokka vitnar om at tida går. Biletet er signert og datert, men har ikkje opplysningar om opplag..
Børge Kalvig (1927 - 2009) far fotograf i Bryne. Kalvig arbeidde i 1946 i eit halvt år hos fotograf Bernhard Schwartzmann i Oslo før han reiste tilbake til Stavanger for å arbeida hos fotograf Waldemar Eide. Utdanning: Handelsskole, 5 års læretid i faget. Kalvig starta forretning på Bryne 5.7.1951. I 1954 var han med på å stifta Bryne Fotoklubb og var sidan aktiv der. Medlem i Forbundet Frie Fotografer og aktiv konkurransefotograf i Norsk selskap for fotografi. Kalvik hadde i 1974 utstilling i Centre Culturel Francais i Oslo. Han har òg hatt en rekke separatutstillingar rundt om i landet, mellom anna i Bryne kunstforening. Kalvig fekk i 1975 tildelt den internasjonale heiderstittelen AFIAP. I 1997 fekk han æresmedlemskap i Norges Fotografforbund.