• Se alle
  • Billedkunst
  • Skulptur
  • Arkitektur
  • Natur
  • Annet
  • Kulturminner

Fjellvannskisse

Av Gunnar Haukebø (1972)

Om kunstverket

"Fjellvannskisse" er mala av kunstnaren Gunnar Haukebø. Det viser eit landskap, malt i lause, ledige strøk, med vekt lagt på det koloristiske. Motivet er typisk for kunstnaren. Maleriet er ei gåve frå Helene Johansen til institusjonen.

Haukebø (1909 - 1993) var busett i Molde til 1958, då han flytta til Ekely i Oslo. Haukebø malete landskap, interiør og figurbilete. Landskapsmotiva er stort sett henta frå heimtrakta Molde og Romsdalen eller frå reiser til Italia, Sør-Frankrike og Spania. Formspråket er eit dekorativt flatemaleri med hovudvekt på fargen. Frå 1950-åra vart enkelte motiv lettare abstrahert og fargeflatane samordna til eit dekorativt mønster. I en rekkje av bilta teiknar Haukebø motiva med tynne, urolege linjer, og innan desse konturane legg han fargen i flere sjikt. Biletet på Bryneheimen eit døme på dette. Representativt for Haukebøs produksjon er Vestlandsbilde (1945), Ute ved havet, Ut av skogen og Ro, alle frå 1959, og Fugleburet (1976, Nasjonalgalleriet, Oslo). (Kjelde: Alfsen, Glenny: Gunnar Haukebø i Norsk kunstnerleksikon på snl.no. Hentet 4. desember 2020 fra https://nkl.snl.no/Gunnar_Haukeb%C3%B8)

Relaterte artikler