• Se alle
  • Billedkunst
  • Skulptur
  • Arkitektur
  • Natur
  • Annet
  • Kulturminner

Utan tittel

Av Kjell Nupen (2009)

Om kunstverket

Kjell Nupens monumentale glasmåleri smykkjer ut høghuset Forum Jæren, gjennom til saman 18 etasjar. Kunstverket er sett saman av 12 seksjonar som er mellom fire 9,6 meter breie. Til saman dekkjer glasmåleriet 200 kvadratmeter, og er det største arbeidet til den kjente Kristiansand-kunstnaren.
Mange kunstnarar har vore fascinert av, og brukt lyset på Jæren i kunsten sin. Glasmåleria i Forum Jæren viderefører denne tradisjonen. Temaet i verket er fossefall i lys og mørke, kor Nupens kjende blåfarge inngår som eit viktig element. Verket endrar seg med lyset, i forhold til årstid, vær og tid på døgnet.

Kjell Nupen var ikkje sjølv til stades ved monteringa, men glasmeistaren hans, Ole Richard Lauritzen, deltok. Nupen kom imidlartid til den offisielle opninga av verket 24. oktober 2009. Opninga fall saman med ei utstillingsopning i Bryne kunstforening, kor måleri og grafikk av kunstnaren vart vist.
Høghuset på 65 meter vart opna i november same år. Med sine 22 etasjar er det eit bygg som synst overalt kor du er i det flate jærlandskapet.

Kjell Arne Nupen (1955 - 2014) var ein norsk malar, skulptør og grafikar frå Kristiansand. Nupen uttrykte seg non-figurativt eller abstrakt gjennom maleri, grafikk, installasjonar, glaskunst og skulpturar. Han har hatt ei rekkje utsmykkingsoppdrag, men er mest kjend for utforminga av Otterdalsparken i Kristiansand, eit skulpturanlegg som opna i 1991. Nupen har stilt ut i fleire land, og alt som 20-åring blei han innkjøpt av sentrale institusjonar.
Nupen starta på Statens Kunstakademi i Oslo i 1972 og studerte under Arne Malmedal på grafikklinja. Frå 1975 til 1976 gjekk Nupen på Staatliche Kunstakademie i Düsseldorf, Tyskland, kor han studerte under dei kjende kunstnarane Gerhard Richter, K.O. Gütz og Rolf Sackenheim.
I 1974 debuterte han på Høstutstillingen i Oslo og Sørlandsutstillingen i Kristiansand. I 1976 var Nupen òg med på å starte Fellesverkstedet Myren Grafikk i Kristiansand.

Relaterte artikler