Reddende engler

Av Audun Hetand (1961)

Om kunstverket

Audun Hetands bilete viser ein helsearbeidar som fører ei seng full av kollegaer over hustak. Akvarellen er humoristisk og spelar på at ein ofte kallar denne yrkesgruppa for "reddande englar".

Audun Hetland (1920 - 1998) var ein norsk teiknar, grafikar, malar og bokillustratør. Hetland var frå Bergen og særleg kjend for sine frodige karikaturar og muntre skisser av bergensk folkeliv. Kunstnaren var òg avisteiknar i Bergens Tidende og Bergen Aftenblad, og seinare frilansar i Morgenavisen og Aftenposten. Hetland utdanna seg ved Bergen Kunst og Håndverksskole (BKHS) frå 1935 til 1938. Han lagde illustrasjonar til mange bøker, blant anna "Vi skal nok bite fra oss" (1961), "Over streken" (1963), "Grasrota og andre kjendisar "(1974) og "Kampen for tilværelsen" (1982). Han bidrog dessutan med illustrasjonar til bøker av Herbjørn Sørebø og Jon Leirfall. Audun Hetland vart innkjøpt av mellom anna Nasjonalgalleriet og Bergen Kunstmuseum. Mange av maleria hans står i dag utstilt i Hetlandhallen ved Rekstensamlingane. (Kjelde: https://no.wikipedia.org/wiki/Audun_Hetland)

Audun Hetand

Les mer...

Relaterte artikler