• Se alle
  • Billedkunst
  • Skulptur
  • Arkitektur
  • Natur
  • Annet
  • Kulturminner

Seglbåt

Av Ellen Kalvig

Om kunstverket

Med enkle, geometriske former har kunstnaren Ellen Kalvig framstilt ein båt for fulle segl. Dei kraftige, gule strøka som går gjennom mest heile biletet får det til å sjå ut som om båten segler strålande i sol. For å auke spenninga i formene lar kunstnaren sjølve båtforma stikka utanfor den flata som bakgrunnen utgjer. Motivet kan tolkast konkret, som ein båt for fulle segl i finvêr, og i overført tyding som "livets seglas". Biletet er ikkje datert.
Ellen Kalvig er fødd i 1958. Ho bur og arbeider i eige atelier i Suldal, tett på vakker og storslått natur. Sjølv seier ho at ho er inspirert av naturen og landskapet ho har rundt seg. Inntrykka bearbeider ho malerisk og grafisk ved bruk av kontrastar, lys, symbolikk og assosiasjonar. Om bileta hennar framstiller berre eit landskap eller om det er ein metafor for noko anna,- let ho vera opp til den som ser.
Kalvig stilt ut jamnleg sidan 1986 i inn - og utland. Debututstillinga var i Sandnes kunstforening i 1987. Ho er medlem i NBK.

Relaterte artikler