Sirkelfat

Av Jens Erland

Om kunstverket

Jens Erland (f. 1945, Bryne) er kjend for eksperimentelle, keramiske arbeid. "Sirkelfat" er handlaga steingods og viser ei mørk flate med innrissa sirklar som spreier seg jamnt ut frå eit punkt midten, og kor dei innerste 12 sirklane er noko breiare enn dei ytterste. Under brenninga har kunstnaren spart ut 13 runde felt i glasuren. I det ferdige verket framstår dei som kvite sirklar, spredt utover heile flata. Arbeidet er ikkje datert, men er truleg laga mellom 2010 - 2018.

Tematisk er Erland er opptatt av overgangar, interaksjon mellom lys og skugge, tid og livssyklusar, i religiøs eller eksistensiell forstand. Konkret er det ei rekkje spenningsforhold som vert aktivert: fysisk mellom ulike materialer og ulike produksjonsformer, historisk mellom det som er funne og det som er laga nå, formmessig mellom presisjon og tilfeldighet. (Kjelde: Nina Malteruds tale til Jens Erlands utstilling SIRKEL i Skur 2, Stavanger, 02.10.2010)

Erland er busett i Time kommune og har verkstad og galleri saman med Karen Erland i Hetlandsgata i Bryne. Han har deltatt i ei rekkje solo og gruppeutstillingar, har hatt store utsmykkingsoppdrag, er innkjøpt til ulike samlingar og fekk Stavanger aftenblads kulturpris i 2007 og Norske kunsthåndverkeres ærespris i 2017:

https://norskekunsthandverkere.no/aktuelt/nks-aerespris-til-jens-erland

  • Kunstner:
  • Tittel: Sirkelfat
  • Kategori: Billedkunst
  • Stil: Nonfigurativ kunst
  • Materiale / medie: Keramikk
  • Teknikk: Objekt
  • Beskrivelse teknikk/medie Keramisk objekt med nonfigurativt motiv
  • Størrelse B: 48cm H: 48cm D: 5cm
  • Sted Sivdamheimen
  • Plassering Sivdamheimen, andre etasje kontor
  • Tilgjengelighet
    • Tilgjengelig etter avtale

Relaterte artikler