Om kunstverket
Olav Garborg (f. 1937 - , Bryne) har sidan 1977 arbeidd som reklamefotograf på Bryne. Garborg har hatt ei rekkje utstillingar kor særleg jærlandskapet har vore i fokus. Varierte motiv i enkle, artistiske bilete - ofte i svart-kvitt - er kjenneteiknet hans. Garborg er medlem av Forbundet Frie Fotografer og NRL og har vore aktiv i Bryne fotoklubb i mange år.
Dette biletet av blomar er eit typisk Garborg-motiv og viser hans interesse for Jærlandskapet og det som veks og gror der.
Biletet har ikkje tittel, opplags-nummer og årstal.