Om kunstverket
Dette arbeidet av Bjørg Marit Bjørnevik viser ulike figurative element som sol, høne, noko som kan minna om teatermasker, blom, dyr osb., i tillegg til reine fargeflatar. Det er vanskeleg å vurdera om det er eit trykk, eller om motiva er malt på.
Kunstnaren Bjørg Marit Bjørnevik (f. 1945) er busett i Time. Ho er utdanna ved tekstillinja ved Bergen Kunsthandverksskule og har utført ei rekkje utsmykkingar, mellom anna i Gausel kyrkje og Bryne Kunst i skulen (1979). I 1990 mottok ho statleg garantiløn for kunstnarar.