Utan tittel

Av Per Remfeldt (1976)

Om kunstverket

Dette trykket av Per Hage Remfeldt er typisk for kunstnaren, både kva gjeld motiv og uttrykk: "Etter eit besøk i Lofoten i byrjinga av 60-talet har motivkretsen lege fast: stein og fjell- og landskapsformasjonar. Møtet med flyttsteinar på Hardangervidda har ytterlegare forsterka interessa for denne motivkretsen. Slike kjempesteinar på vandring er eit gjennomgangsmotiv i meir eller mindre abstrahert form. Som regel er skilnadene mellom steinassosierande former og bilderom verknadsfylt kontrasterte i strøk og fargesetting slik at synlege penselstrøk og eit rikt fargespel gir steinformene struktur medan rommet rundt er meir eller mindre einsfarga. Elles skiftar gjerne R. mellom nærstudiar av stein og store landskapsutsyn, gjerne i fugleperspektiv" (Sitat: Veiteberg, Jorunn: Per Hage Remfeldt i Norsk kunstnerleksikon på snl.no. Hentet 19. oktober 2020 fra https://nkl.snl.no/Per_Hage_Remfeldt)

Per Hage Remfeldt (f. 1921, d. 2004) var ein norsk malar og grafikar. Dei tidlege motiva hans var henta frå Paris, kor han studerte ved L'École des Beaux-Arts og Académie Julian i tidrommet 1947-1950. Frå 1951-1955 studerte han ved Statens kunstakademi i Oslo under Jean Heiberg og Per Krohg. På 1960-talet vart hovudmotiva landskap med fjell og stein. Steinelement vart seinere utgangspunkt for abstraksjonar. Som grafikar brukte han fleire teknikkar, men valde serigrafiet som sitt medium på 1970- og 1980-talet. Remfeldt var intendant i Bergen Kunstforening 1959-1980, og sekretær ved den årlege Vestlandsutstillinga 1960-1984. Til Festspillene i Bergen arrangerte han ei rekkje viktige mønstringar av moderne kunst. Per Remfeldt er representert i Nasjonalmuseet/Museet for samtidskunst i Oslo. (Kjelde: Store norske leksikon)

Relaterte artikler