• Se alle
  • Billedkunst
  • Skulptur
  • Arkitektur
  • Natur
  • Annet
  • Kulturminner

Utan tittel

Av Bård Breivik (1994)

Om kunstverket

Trykket av Bård Breivik viser fem stiliserte former i ulike, mørke fargenyansar. Formene liknar på kvarandre, men varierer ørlite - slik som granittsøylene kunstnaren hadde på Torgalmenningen i Bergen frå 1999 - 2020. Dei kan minna om sarkofagar eller kister, men kan like gjerne vera søyler eller abstrakte menneskeformer. Biletet har ikkje tittel.

Bård Breivik (1948 - 2016) var norsk bilethoggar og ein av Noregs mest profilerte samtidskunstnarar. Han var utdanna ved Kunst- og designhøgskolen i Bergen, keramikklinja (1967-1970), Vestlandets Kunstakademi (1969-1970) og St. Martin's School of Art, London (1970-1971).
Breivik har utført ei rekkje offentlege skulpturar og utsmykningar i stein, metall og med innslag av objet trouvés (funne gjenstand), oftast i ein abstrakt, konseptuell stil. Mange av verka er i monumentale format. Han deltok på i utstillingar i inn- og utland og er representert i større samlingar i Norden, Europa og USA(kjelde: Kalleklev, Katrine: Bård Breivik i Store norske leksikon på snl.no. Hentet 19. oktober 2020 fra https://snl.no/B%C3%A5rd_Breivik)

Relaterte artikler