Om kunstverket
Maleriet er utført i lette strøk, i ein frisk fargepalett. Det er komposisjonsmessig bunde saman av svarte linjer, som utgjer ein laust skissert form som kan minna om eit landskap. Hovudfargen er orange, med gule, turkis og kvite innslag. Signaturen er utydeleg, men kan tolkast som A. Wiig. Eventuelt A. W. og eit årstal.