• Se alle
  • Billedkunst
  • Skulptur
  • Arkitektur
  • Natur
  • Annet
  • Kulturminner

Fra Herigstad

Av Olav Garborg

Om kunstverket

Olav Garborg (f. 1937 - , Bryne) har sidan 1977 arbeidd som reklamefotograf på Bryne. Garborg har hatt ei rekkje utstillingar kor særleg jærlandskapet har vore i fokus. Varierte motiv i enkle, artistiske bilete - ofte i svart-kvitt - er kjenneteiknet hans. Garborg er medlem av Forbundet Frie Fotografer og NRL og har vore aktiv i Bryne fotoklubb i mange år.
Dette biletet frå Herikstad viser melkespann til tørk på ein benk, og ein kost, ei bøtte og ein vaskestamp i sink ved døra. Ved eit vindauge heng ein fisk til tørk. Veggene i uthuset er slitt og vindauga og taket skeive. Fotoet er typisk for Garborg si interesse for det gamle Jæren.
Biletet har ikkje opplags-nummer og årstal.

Relaterte artikler