• Se alle
  • Billedkunst
  • Skulptur
  • Arkitektur
  • Natur
  • Annet
  • Kulturminner

Fra Tjåland

Av I. Horpestad

Om kunstverket

Olav Garborg er født på Bryne i 1937 og er gjennom eit livs virke som fotograf blitt kjend og kjær både i heimkommunen og i distriktet. Garborgs motivkrets er det nære; folk, natur, kultur. Han har Jæren i blodet, og formidlar det som berre ein som høyrer heime her kan. Men likevel alltid med forskarblikk: Garborg reflekterer over det store i det som tilsynelatande er lite. Han viser oss poetiske landskap i snø og frost. Skyformasjonar, som kaligrafiske tegn på høg himmel. Han held fram det vakre i eit landskap det har tatt hundreår på hundreår med slit å kultivere.
Dette fotoet er tatt på Herigstad i Time kommune, og viser ei gammal stove med divan, gyngestol og filleryer på tregolvet. På veggen heng ein gobelin med hundemotiv, fire brudebilete, to maleri og eit pendelur. Det einaste som viser at fotoet er tatt i moderne tid, er ei kvit leidning som er strekt oppunder taket og ned hjørna.
Biletet er signert, men har ikkje opplags-nummer og årstal.
Fotoet inngjekk truleg i ei gåve frå Lions i 2018.

Relaterte artikler