Utan tittel

Av Herborg Kverneland

Om kunstverket

I dette kaligrafiarbeidet har Herborg Kverneland formgitt diktet "Som natt og dag" av Åse-Marie Nesse. Rundt diktet er ei dekorativ bord, med malte og pålimte element med skrift og rosemalings-liknande motiv. Arbeidet er typisk for Kvernelands fine kalligrafi-produksjon. Arbeidet er ikkje datert.

Herborg Kverneland er ein kjend kalligrafi-kunstnar, busett på Kvernaland. Kunstnaren har utforma ei rekkje plakater og prisar, mellom anna for Time kommune. Ho har deltatt i fleire gruppe og separatutstillingar, og er kanskje mest kjend for Haugtussa-teppene. "Haugtussa" var eit samarbeidsprosjekt mellom kunstnarane Herborg Kverneland og Herborg Larsen, der Larsen har vevd motiva ut frå Kvernelands maleri og vevkartongar. Samarbeidet starta i 1997 og vart ferdig til Garborg-jubileet i 2001.

Herborg Kverneland

Les mer...

Relaterte artikler