Madland havn

Av Olav Garborg

Om kunstverket

Olav Garborg (f. 1937 - , Bryne) har sidan 1977 arbeidd som reklamefotograf på Bryne. Garborg har hatt ei rekkje utstillingar kor særleg jærlandskapet har vore i fokus. Varierte motiv i enkle, artistiske bilete - ofte i svart-kvitt - er kjenneteiknet hans. Garborg er medlem av Forbundet Frie Fotografer og NRL og har vore aktiv i Bryne fotoklubb i mange år.
Fotoet frå Madland havn viser rekkjer med hummerteiner plassert på ein kai. Fotografen har til fulle utnytta dei horisontale linjene i landskapet og fanga kontrasten den raude blåsa gir til eit motiv som elles er dominert av blått. Biletet har ikkje opplags-nummer og årstal. Fotoet inngjekk truleg i ei gåve frå Lions i 2018.

Olav Garborg

Les mer...

Relaterte artikler