Om kunstverket
Olav Garborg (f. 1937 - , Bryne) har sidan 1977 arbeidd som reklamefotograf på Bryne. Garborg har hatt ei rekkje utstillingar kor særleg jærlandskapet har vore i fokus. Varierte motiv i enkle, artistiske bilete - ofte i svart-kvitt - er kjenneteiknet hans. Garborg er medlem av Forbundet Frie Fotografer og NRL og har vore aktiv i Bryne fotoklubb i mange år.
Fotoet viser bølgjer som slår mot ei rullesteinsstrand i eit blygrått landskap. Fotografen har fanga kontrasten mellom dei horisontale linjene i hav og landskap, og dei mjukare skyene.
Biletet har ikkje opplags-nummer og årstal.
Fotoet inngjekk truleg i ei gåve frå Lions i 2018.