• Se alle
  • Billedkunst
  • Skulptur
  • Arkitektur
  • Natur
  • Annet
  • Kulturminner

Potetfurer

Av Olav Garborg

Om kunstverket

Olav Garborg (f. 1937 - , Bryne) har sidan 1977 arbeidd som reklamefotograf på Bryne. Garborg har hatt ei rekkje utstillingar kor særleg jærlandskapet har vore i fokus. Varierte motiv i enkle, artistiske bilete - ofte i svart-kvitt - er kjenneteiknet hans. Garborg er medlem av Forbundet Frie Fotografer og NRL og har vore aktiv i Bryne fotoklubb i mange år.
Motivet er dominert av nypløyde potetforer, med Jærhavet som ei stripe i bakgrunnen. Linjene i forene dannar eit grafisk mønster og ein kontrast mot den smale, lyse stripa av hav og himmel i horisonten. Biletet viser både det som har vore og det som er: i dei snorbeine linjene ligg ei forteljing om år og arbeid før bonden kan sette slike spor i landskapet. Slik ligg det ei dobbel forteljing i mange av Garborgs foto. Den estetiske overflata sett opp mot forteljinga ho skjuler.
Biletet har ikkje opplags-nummer og årstal.
Fotoet inngjekk truleg i ei gåve frå Lions i 2018.

Relaterte artikler