• Se alle
  • Billedkunst
  • Skulptur
  • Arkitektur
  • Natur
  • Annet
  • Kulturminner

Solnedgang Bore

Av Olav Garborg

Om kunstverket

Olav Garborg er født på Bryne i 1937 og er gjennom eit livs virke som fotograf blitt kjend og kjær både i heimkommunen og i distriktet. Garborgs motivkrets er det nære; folk, natur, kultur. Han har Jæren i blodet, og formidlar det som berre ein som høyrer heime her kan. Men likevel alltid med forskarblikk: Garborg reflekterer over det store i det som tilsynelatande er lite. Han viser oss poetiske landskap i snø og frost. Skyformasjonar, som kaligrafiske tegn på høg himmel. Han held fram det vakre i eit landskap det har tatt hundreår på hundreår med slit å kultivere.
Dette fotoet er typisk for Garborg, og viser eit hus sett i siluett mot ein flammande, dramatisk himmel.
Biletet er signert, men har ikkje opplags-nummer og årstal.
Fotoet inngjekk truleg i ei gåve frå Lions i 2018.

Relaterte artikler