Om kunstverket
Motivet på dette biletet av Karin Andersen er ein landeveg som går langs ei bukt. Fargane er typiske for Andersen; duse blå og rosa toner med detaljar rissa opp i mørkare støk. Biletet er mala i akvarellteknikk (vatnoppløyseleg farge). Søk på Karin Anderson på nett gav ingen resultat. Det ligg imidlartid fleire av hennar akvarellar ute for sal. Dei har til felles at motiva er av natur, ofte strand- eller sjømotiv. Biletet har ikkje tittel og årstal.