Veslemøy

Av Jan Th. Værp (2013)

Om kunstverket

Denne serien med motiv frå Arne Garborgs Hagtussa er laga av Jan Th. Værp, og viser ulike scener frå Veslemøy sitt liv. Bileta er laga mellom 2011 og 2013 og er nummererte 1/10. Sjølv om alle teikningane er påført ordet "Blyant", er dette altså trykk, basert på blyantteikningar.

Kvart bilete er nummerert og har si eiga tekst: 1: Eg røymde sjølv den striden stygge (2011) 2: mat ho ber til kua kjør... (2011) 3: Å sjå deg, sjå deg føre! (2011) 4: Mor, mor eg er så redd (2012) 5: Ho ser det dei andre ikkje kan sjå (2012) 6: Sig ho av og ser og drøymer (2011) 7: Ho kava med skrømt og heimgangstrang (2012) 8: I heite søk søv ho i hans arm (2012) 9: Då får ho høyra meir enn sjølv ho ville... (2013) 10: No kan eg gjerne i haugen gå... (2013)

  1. Å nei, at du kunne svika (2013) 12: Fri! (2013)

Værp er utdanna reklameteiknar og designar ved Stavanger Tegneskole, 3-årig, og har drive eige reklamebyrå i Kristiansand. Teikningane er ein del av ei utstilling på Fotland Mølle i 2016: «Som fuglen, såra under varme veng», ei skildring av Veslemøy sitt liv i illustrasjonar.I alt hadde utstillinga 12 teikningar i blyant og sju maleri inspirert av Garborg.

Jan Th. Værp

Les mer...

Relaterte artikler