Utan tittel

Av Sverre Næsheim

Om kunstverket

Sverre Næsheim (1900 - 1976) var kunstner og amatørfotograf. Han arbeidde i Stavanger Elektrisitetsverk fram til 1962, men malinga var meir et bi-yrke enn ein hobby. Han fann sine førebilete i galleri-samlingar av eldre landskapsmalarar, og henta motiv frå Jæren og Ryfylke. Næsheim laga òg ei rekkje tresnitt og måla fleire portrett. I slutten av 50-åra hadde N. fleire utsmykkingsoppgåver, mellom anna monumentalmåleriet "Jæren" til Orre Samfunnshus og freska "Slaget ved Hafrsfjord" til marinens forlegning på Madla. Næsheim måla òg fleire altertavler. I 1962 ble N.s høgre arm lamma, og dei siste åra måla han med venstre arm. Hans tidlegare gammalmeisterlege formspråk fikk då eit friskare og dristigare penselstrøk. N.s skulpturarbeid er utført i 40-åra, mellom anna to minnesmerke over falne sjøfolk og eit relieff på bautasteinen over Georg Fjellberg (1946).
Utdanning: Næsheim var elev ved Bjarne Hansens malerskole i starten av 1920-åra.
(Kjelde: Norsk kunstnerleksikon)
Biletet har ikkje tittel, men motivet er nok Jæren. Det er heller ikkje datert, men har eit skilt nede på ramma kor det står "Bryne kunstforening". Biletet er altså ein del av kunstforeiningas samling.

Relaterte artikler