Sju søyler

Av Odd Sama (2004)

Om kunstverket

Odd Samas "Sju søyler" minner om fasaden på gamle greske tempel, med søylerekkje under ein timpanon (det klassiske, trekanta feltet som dannar gavlen i eit tempel). Men der talet søyler i dei greske tempela var partal (4, 6, 8), har altså Samas arbeid oddetal (7). Ved første augnekast kan verket også minna om ein oljeplattform, med stag og bygningskonstruksjon over plattformen. Men heller ikkje her stemmer talet søyler, for oljeplattformar har berre fire. Sidan tittelen på verket spesifikt nemner eit tal, er dette ein viktig nøkkel til forståing av det. Ei tolking kan då vera at "Sju søyler" viser til Visdomens sju søyler, frå Salomons ordspråk 9:1-12: "Visdommen har bygd sitt hus, hun har hogd til sine sju søyler. Hun har slaktet sitt slaktefe, blandet sin vin og dekket sitt bord." Det er med andre ord eit mangetydig verk kunstnaren har laga.

Odd Sama (f. 1945) debuterte på Vestlandsutstillingen i 1970 med skulpturen "Før hanen galer" (messing 1969). Siden har han har kunstnaren arbeidd med pottemakeri, keramikk og bruksgjenstandar, i tillegg til reine skulpturar. Sama eksperimenterer gjerne med materialkombinasjonar i ulike teknikkar og materiale. Motiva har ofte eit litterært utgangspunkt. Formspråket er stilisert figurasjon, ulike gradar av abstraksjonar så vel som nonfigurative biletuttrykk.
I motsetning til dei mange tittellause arbeidea frå 70-årene i tre, stein, metall og steingods, har skulpturane hans frå 80-åra ofte lange forklarande titlar. Kamp mot krig er eit stadig tilbakevendande tema og vart utforma skulpturelt mellom anna i frittsvevande romfigurar i Telemontørstasjonen i Sandnes (fullført 1982). Produksjonen av kunsthandverk har dels bestått av produkt i steingods og porselen og dels av reine dekorative arbeid i ulike keramiske materialer og teknikkar. Frå midten av 70-åra dominerte saltglassert steingods. I 80-åra tok Sama òg i bruk leire. (Kjelde: Norsk kunstnerleksikon)

Relaterte artikler