Om kunstverket
Dominerande i dette maleriet er dei store, lysande vindauga i noko som truleg er ein katedral. Foran vindauga og eit stakittgjerde står ein person i kvite klede, med ein stor hatt. Det er ikkje mogleg å se av motivet om personen er inne i rommet eller utanfor, men ut frå tittelen (Utafor) er det nok det siste rett. Tittelen kan då lesast både bokstavleg, som at peronen er ute og i overført tyding, at han eller ho føler seg utestengd.
Det har ikkje vore mogleg å finna opplysningar om kunstnaren, ut frå kva tid biletet er laga (1982). Denne Eli Skatvedt må ikkje forvekslast med kunstnaren og kuratoren Eli Skatvedt (1980).