Tjensvolltunet

Av Emil Abrahamsen

Om kunstverket

Maleriet viser tunet på garden Tjensvoll i Stavanger, og er malt i djerve strøk i kraftige fargar. På skiltet nede på ramma står det at biletet er ei gåve frå Marta og Karen Tjensvoll. Biletet er ikkje datert.

Kunstnaren Emil Abrahamsen (født 7. juni 1875 i Stavanger, død 16. mars 1964). Abrahamsen var i 1900 elev av Sigurd Moe i Stavanger. I 1920 var han òg elev av André Lhote på Académie Moderne i Paris. Abrahamsen debuterte på De unges utstilling i Kristiania i 1906. Han deltok på Høstutstillingen første gong i 1908. Seinare hadde han ei rekkje separatutstillingar og deltok i fleire kollektivutstillinger.

Etter studiet i utlandet slo Abrahamsen seg ned for godt utanfor Stavanger. Han henta oftast motiva frå Jæren: Gamle hus, åkrar og marker, overgrodde tre. Andersen hadde ein stor og omfattande produksjon. Rogaland Kunstmuseum, Rasmus Meyers samlingar, Haugesund Billedgalleri, Sandnes Kunstforening og Christiansands Kunstforening er blant institusjonane som har måleri av kunstnaren.

Relaterte artikler