Utan tittel

Av Reidar Fritzvold (1993)

Om kunstverket

Motivmessig er ikkje dette trykket heilt typisk for Reidar Fritzvold; Oppvaksen i Oslo, og med nære kontaktar i kunstnarmiljøet i Holmsbu, var det naturleg at han for ein stor del valde motiva sine frå byen og sjøen. Her ser me likevel eit vinterleg fjellmotiv, skildra med mjuke former i blå og gule valørar.

Reidar Fritzvold (1920 - 1998) var utdanna ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole under Carl von Hanno, Karl Høgberg og Per Krohg 1937-42; Statens Kunstakademi, Oslo under Axel Revold 1940-42.
F. deltok første gong på ei gruppeutstilling i Kunstnerforbundet, Oslo i 1940, og hadde med bilete på utstillinga "6 unge" same stad i 1942. Kunstnaren vart lagt merke til som ein nøktern og sakleg naturskildrar. Sjølv hevda han at han var influert av både August Cappelen og Erik Werenskiold, og dette forklarer truleg brytningane mellom det romantiske og det realistiske i kunsten hans. I fargebruken var han gjerne kjøleg blond, og maleria har alle ei fast, dekorativ haldning med ei mjuk, lyrisk beskrivelse av lys og gjenstandar.

Relaterte artikler