Ut, ut og full av fåre

Av Rakel Haarr Time

Om kunstverket

Denne vesle, innramma biletveven er laga av Rakel Haar Time og signert R. Motivet er ei ung kvinne eller jente, sett frå sida. Som dekorativt biletelement har vevaren syd på ein (kunstig?), mørk hårlokk, slik at veven får ein grad av tredimensjonalitet.
Vevnaden er inspirert av Arne Garborgs "Haugtussa", og det er truleg Veslemøy som er motivet. På baksida av veven står det: "Ut, ut og full og fåre. Høgt les ho Fadervåret. Veslemøy, Rakel Haarr Time".

Relaterte artikler