Kirkeåret

Av Henny Tysdal (1996)

Om kunstverket

Gjennom teikn og fargar visualiserer Henny Tysdal kyrkjeåret i dette tekstilarbeidet. Fargane symboliserer ulike kvalitetar, som glede, ånd, bot osb, men viser også til kyrkja sine ulike høgtider og merkedagar. Hjulet er elles eit mykje brukt symbol på Gud og det evige. Stjerna eller sola midt i biletet viser truleg til Guds lys /det å vera opplyst, og perlene i sentrum til det som er uskuldig og reint. Ved sida av biletet heng ein innramma tekst kor kunstnaren skriv kva fargane symboliserer. Ein liknande tekst er òg fest til baksida av biletet. På baksida står det også: "KIRKEÅRDSBILDET - er laga av Henny Tysdal. Design og utførelse. Nærbø, april 1996".

Henny Tysdal

Les mer...

Relaterte artikler