Biletvev

Av Rakel Haarr Time (1981)

Om kunstverket

Denne vesle, innramma biletveven er laga av Rakel Haar Time og signert Rak 81. Motivet er ei ung kvinne eller jente, sett frå sida. Som dekorativt biletelement har vevaren syd på ein (kunstig?) blond hårlokk og ei sløyfe, slik at veven får ein grad av tredimensjonalitet.
Vevnaden er truleg inspirert av Arne Garborgs "Haugtussa", og kvinna er nok den unge Veslemøy.
Det har ikkje vore muleg å finna opplysningar om biletvevaren.

Relaterte artikler