Utan tittel

Av Gullbjørg Løge

Om kunstverket

Denne vesle biletveven av timebuen Gullbjørg Løge viser ei låg sol, sett bak strå og planter.
Gullbjørg Løge var født i 1914 og gjekk bort i 2015. Den produktive billedvevaren var i stor grad sjølvlært, men gjekk òg på nokre kurs - mellom anna i Kristiansand. Likevel, mykje av handverket var nok basert på erfaring som ho hausta sjølv etter mange års produksjon. Løge henta motiv frå kjende kunstnarar og vevteppe, Gerhard Munthe var blant dei ho fann inspirasjon hjå. Fann ho eit motiv ho likte, teikna ho av av mønstret etter lysbilde som ho viste på veggen. Så endra ho gjerne motiva litt, for å gi dei sitt eige uttrykk.
Løge hadde ein stor produksjon gjennom mange år, og vevde både små og store åklede og biledvevar. En rekkje teppe er gitt til familie; søsken, barn og barnebarn, mellom anna fire flotte Baldishol-teppe (ca 1,20x2,0 m). Elles selde Løge mest til private, men truleg havna nokre åklede hos Sira-Kvina Energiselskap og eit til ein kommune i Fjordane. Løge hadde òg utstilling i det lokale Husflidslaget 8. februar 1994.
(Kjelde: (Else Løge Lid, dotter)

Relaterte artikler