Om kunstverket
Motivet i dette biletet er inspirert av gamle egyptiske mumiar. Men motsett dei, er det ein moderne, ansiktslaus mann som ligg i sarkofagen, mumifisert i stripete dress og med stresskoffert. Det var berre høgtståande adelege, kongar og dronningar som vart mumifisert i sarkofagar, så kunstnaren peiker kanskje på at forretningsmenn er dei viktigaste i samfunnet vårt? Eller kanskje at det er mumifiserande å gå inn i ei slik "stresskoffert-rolle"?
Kunstnaren Sveinung Iversen er fødd på Voss 1954. Han er utdanna ved Bergen Kunsthandverksskule 1973- 77 og debuterte på Haustutstillinga i 1976. Etter det har han hatt ca. 60 separatutstillingar. Han har i desse åra arbeida innan ulike uttrykksformer, men som regel på papir, teikning, akvarell, blandingsteknikkar eller djuptrykk. Særleg fjellet har gjeve inspirasjon til mange bilete; strukturen i stein eller det gjennomskinlege lyset i snø. Menneskekroppen går også igjen i mange av bileta; anten som reine studiar, eller som symbol-lada bilete.
Bilete av Iversen er innkjøpt av Nasjonalgalleriet, Riksgalleriet, Bergen Kunstmuseum, Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum, Oslo Kommunale Kunstsamlingar, Norsk Kulturråd, Sørlandets Kunstmuseum og Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Kunstnaren vann førstepris på BELA Biennale for Europeisk og Latinamerikansk grafikk. Osaka, Japan 2013. (Kjelde: http://www.sveinungiversen.com/cv_ny.htm)